Gå til hovedinnhold
Forsiden til boken Eg rissa desse runene (2023) av Aina Basso

Eg rissa desse runene (2023)

ForfatterAina Basso
ForlagSamlaget

Havgrim hogg Harald med øksa. Svinga den høgt og kløyvde skallen på han.

Slik opnar Aina Basso si novellesamling Eg rissa desse runene. Novellene byggjer på ei rekke runeinnskrifter frå 1100- og 1200-talet, og tek føre seg kvardagen til heilt vanlege menneske som levde på den tida. Fiskarar, tannknekkarar, prestar og bønder fortel om liv som trass alt ikkje er så ulike dei vi lever i dag. Med respekt for dei historiske kjeldene og gode menneskeskildringar skriv Basso fram eit heilskapleg bilete av ein liten del av mellomalder-Noreg.