Gå til hovedinnhold
Forsiden til boken Alt som skranglar (2022) av Erlend Skjetne

Alt som skranglar (2022)

ForfatterErlend Skjetne
ForlagFlamme forlag

“Ettersom eg aldri vil kunne sitere deg, må eg byrja med stilla di.”

Med denne nøkterne og elegante setninga opnar Alt som skranglar, Erlend Skjetne si andre diktsamling.

Gjennom korte, presise dikt skildrast kvardagen og kjenslene rundt det å ha eit annleis barn – eit barn som aldri sjølv vil kunne ha språk eller eit normalt liv. Skildringane av foreldreskapet, skuffelsane og fortvilinga når forventningane ikkje vert oppfylt er såre, men også menneskelege og universelle.